Valt arrangement
Gin & Tonic Verksted
Bli med på ein smakfull og lærerik Gin & Tonic-workshop der vi utforskar kunsten bak den perfekte GT-en!
Vi startar med å blande ein GT saman, og i løpet av kvelden får du ei innføring i historia til gin, produksjonen og dei botaniske smaksprofilane, og korleis desse spelar saman med ulike typar tonic og garnityr. Vi smakar oss gjennom utvalet vårt av gin og lærer korleis små justeringar i tonic, is og garnityr kan løfte opplevinga til nye høgder. Du får sjølvsagt blande fleire Gin & Tonics under rettleiing, og vi deler tips og triks som du enkelt kan ta med deg heim.
Praktisk informasjon
- Møt opp 10 minutt før arrangementet startar.
- På grunn av norsk regelverk kan vi ikkje selje flasker med akevitt, gin eller anna brennevin direkte frå destilleriet.
- Smakingane går føre seg i smakerommet i 2. etasje.
- Om nokon i gruppa har behov for tilrettelegging (rullestol eller liknande), kontakt oss før booking slik at vi kan leggje best mogleg til rette.
- Påmelding: Berre førehandsbestilling (minimum 12 timar før). Bestill på nett eller ved å sende e-post til booking@nordfjorddistillery.com.