Valt arrangement
Våre tilsette sine favorittar
Kva drikk vi som jobbar i produksjonen? Under Sandanedagane inviterer vi til ei heilt spesiell smaking der vi legg faghefta litt til side og heller fram det vi faktisk vel når vi får velje sjølve.
Dette er ikkje nødvendigvis det mest prisvinnande, det mest komplekse eller det mest populære – men det vi har blitt ekstra glade i. Produkta vi anbefaler ein gong for mykje. Smakane vi stadig vender tilbake til. Favorittane bak disken. Kvar utvald drikk har si eiga historie og ei personleg grunngjeving. Det blir uformelt, ærleg og fullt av smak. Kanskje finn du din nye favoritt – eller kanskje blir du overraska over vår? Velkomen til ei smaking vald av oss. 🍎✨
Praktisk informasjon
- Møt opp 10 minutt før arrangementet startar.
- På grunn av norsk regelverk kan vi ikkje selje flasker med akevitt, gin eller anna brennevin direkte frå destilleriet.
- Smakingane går føre seg i smakerommet i 2. etasje.
- Om nokon i gruppa har behov for tilrettelegging (rullestol eller liknande), kontakt oss før booking slik at vi kan leggje best mogleg til rette.
- Påmelding: Berre førehandsbestilling (minimum 12 timar før). Bestill på nett eller ved å sende e-post til booking@nordfjorddistillery.com.