1. Stadfesting og endringar
Tidspunkt, opplegg og pris vert stadfesta skriftleg på e-post. Endringar i deltakartal, tidsplan eller opplegg må avtalast skriftleg.
Desse betingelsane gjeld for booking i Gildehallen og påmelding til arrangement hos Nordfjord Distillery.
Tidspunkt, opplegg og pris vert stadfesta skriftleg på e-post. Endringar i deltakartal, tidsplan eller opplegg må avtalast skriftleg.
Nokre gruppebesøk kan ha minimumsnivå for booking. Dersom dette gjeld, vert det opplyst i bookingdetaljar eller skriftleg stadfesting.
Avbestilling minst 4 dagar før start: ingen kostnad. Avbestilling innan 48 timar før start: 50% av totalbeløpet. Avbestilling seinare enn 48 timar før start, eller manglande oppmøte: 100% av totalbeløpet.
For bookingar og arrangement skjer betaling ved oppmøte dersom ikkje anna er skriftleg avtalt.
Alle oppgitte prisar er inkludert norsk mva dersom ikkje anna er skriftleg avtalt.
Meld frå om allergiar eller kostomsyn så tidleg som mogleg og seinast 7 dagar før besøket. Vi kan ikkje garantere eit heilt allergenfritt miljø.
Deltakarar må følgje instruksjonar frå vertskapet. Tilgang til produksjonsområde kan ha tryggleiksreglar. Gruppeleiar/turoperatør er ansvarleg for gruppa si opptreden.
Smakingane går føre seg i smakerommet i 2. etasje.
Om nokon i gruppa har behov for tilrettelegging (rullestol eller liknande), kontakt oss før booking slik at vi kan leggje best mogleg til rette.
Fotografering til privat bruk er normalt tillaten. Kommersiell bruk eller filming i produksjonsområde må avtalast på førehand.
Dersom besøket ikkje kan gjennomførast på grunn av forhold utanfor partane sin kontroll, kan booking flyttast eller avlysast utan erstatningsansvar.
Spørsmål om booking, arrangementspåmelding eller endringar: booking@nordfjorddistillery.com